Tips og triks til brud som ynskjer vippe extensions

31932852_1796844793691810_1524766085033754624_o.jpg

Snart er det bryllaupssesong! Tenkjer du på å velja vippe extensions til din brude make up? Eller er det vanskeleg å bestemma seg fordi du er uroleg for allergi eller at resultatet ikkje vert fint? Les vidare! 

Eg meiner det er flott at du har bestemt deg for vippe extensions til bryllaupet. Eg hadde sjølv vippe extensions i mitt bryllaup. Eg er framleis veldig glad for mitt val. To månader før bryllaupet hadde eg prøvetime for brude make up og hår. Og resultatet var ikkje bra i det heile. Spesielt augene mine. Eg hadde ikkje vippe extensions. Då bestemte eg og makeup artist at det var lurt å bruka fleire vipper. Men vippene som makeup artisten hadde var for tunge og lange. Ho hadde ikkje analysert formen av augene mine. Resultatet var at augene mine såg triste ut og tunge. Ikkje bra! Då bestemte eg meg for å prøva vippe extensions. Ein månad før bryllaupet reiste eg til min favoritt vippe extension artist, ho bestemte kva eg trengte. Og to dagar før bryllaupet satte eg på eit heilt nytt sett med vipper. 

Eg anbefalar deg, som ynskjer vippe extension til bryllaupet, å finna din favoritt artist. Sjå på bilder av vipper på Instagram og Facebook. Eg anbefalar deg å prøva vippe extensions i alle fall ein gong før bryllaupet. Då har du nok tid til å bli kjent med vippene, forstå vippene og bestemma om det er passleg lengde og bøyg. Du kan også sjå om formen på augene er fin. Du finn ut om du er allergisk. Og det er nok tid til å fjerne vippene om du ikkje er nøgd. Då kan ein også sette på heilt nytt sett berre 1-3 dagar før bryllaup. 

Ei brud bør ikkje ha vipper som når heilt opp til bryna. Fordi bruden skal vera fin med make up, oppsatt hår, fin kjole og då må vippene vera mest mogleg naturleg. Vippe tekniker må nytta den type vippe extensions som passar best for naturlege vipper og forma deretter. Ein liten feil og augene vil sjå tunge og triste ut. 
Men vippe extensions treng du ikkje uroa deg for svarte kinn når tårene kjem. Og rett etter bryllaupet er du klar for bryllaupsreise!

Kos deg med planleggingsprosessen og send gjerne ein melding til meg om du lurer på noko:)

På bildene du ser meg i bryllups dag og min kunde, som fekk naturlig vippe extensions før bryllup. 

Klem, Lina

31944352_1796844913691798_7056721895432912896_o.jpg
Simonas Falkauskas